Som hytteeigar er du ein viktig del av fitjarsamfunnet, og me vonar du vil finna deg godt til rette her.
Naturen har du kanskje allereie oppdaga: øyane, fjella og det uberørte landskapet elles.
Fiskeplassane er mange både i sjø og ferskvatn, og sjølandskapet rundt fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar og båtfolk. Har du ikkje kajakk sjølv kan du leiga hos Padleåro kajakkutleige (om lag 12 km frå Fitjar sentrum). Båt kan du leiga hos Fitjar Sjø og Camping.
Er du av den fjellglade typen, skal du vita at Fitjarfjella lokkar med mange flotte turstigar til fjells. Høgste toppen er Mehammersåta på 749 m.o.h. Stord-Fitjar turlag arrangerer mange fellesturar. Programmet deira finn du på Turistinformasjonen hos Stord Videokiosk i sentrum. Her vil du òg få opplysningar om sykkelruter. Har du ikkje sykkel, kan du leiga ein hos MX-sport i Varehuset Larsen.
Av andre tilbod til deg som er aktiv kan me nemne Fitjar treningssenter i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, treningssenteret over Bensinstasjonen. (Hydro/Texaco) og at det er treningsmogelegheiter i Fitjar Idrettspark og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.
Er du historisk interessert, kan Fitjar skilta med eige historisk spel, og av kulturminne finn ein både museum, vassdriven sirkelsag, kolerakyrkjegard, helleristingar og steinrøys frå Vikingtida.
Kva som skjer i Fitjar akkurat no, kan du lesa her.
På Sjøsio m/Larsen finn du alt båtfolket treng, med mange og trygge båtplassar, og ved kaien ligg òg det største varehuset i bygda med daglegvareforretning, multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut. Toalett finn du ved Cafe Annemor i 2. høgda. Kjem du med bil finn du oftast parkeringsplass ved Rådhuset midt i sentrum.
Treng du møblar eller el-utstyr til hytta finn du det hos Varehuset Rydland. Bensin og diesel finn du på kaien eller hos JKS bil og delar - og treng du vaktmeisterteneste, vedlikehaldshjelp eller hjelp til reparasjonar på motorar av ymse slag, kan me nemna firma som Altimek, Norgeshus Torvund & Tislevoll, PG bygg og Fitjar småbåt og fritidsservice. Sistnemnde firma har òg båthotell der du kan plassera båten din om vinteren.
(c) komtilfitjar.no | Et samarbeid mellom Fitjarposten.no og Fitjar Kommune, sponset av lokalt næringsliv.