Kongsstad i gamal tid
Dei mange historiske funna som er registrerte her nord på Stordøya, syner at Fitjar har vore ein attraktiv plass å vitja heilt ifrå steinalderen, og det er ingen tvil om at bygda fekk fast busetjing i bronsealderen. Ordet Fitjar tyder fuktig, lågtliggjande eng, eller open slette, mot sjø. Ope og vakkert har dei fine jordbruksområda femna rundt Fitjarsjøen i tusenar av år - og til og med lokka kongar til plassen.
Mest kjent er nok kong Håkon den gode som vitja plassen fleire gonger, og til slutt fekk banesåret sitt her. Og Olav Kyrre skal ha vurdert Fitjar som alternativ plass, før han bestemte seg for å grunnleggja storbyen, som seinare vart til Bjørgvin og Bergen, noko lenger nord. I 2010 feirer kommunen 100 års jubileum.

Fiske og jordbruk har vore Fitjar si hovudnæring i alle år - både til sjølvbruk og for vidare sal. Med enkle seglbåtar tok fitjarbuen ut til Bergen med poteter, og framleis er Fitjar-poteta eit ord som kling godt i øyret til mange bergensarar.

Fitjar på 1960-talet. Foto: Widerøe
Storbedrifta Aker Kværner, sør på Stord, har vore ein hjørnesteinsbedrift for fitjarbuen. Men Fitjar har òg sitt eige næringsliv, som gjer det bra. Skipsingeniørfirmaet Wärtsila shipdesign, trelastfirmaet Engevik og Tislevoll AS og dør- og vindusfabrikken J. Fjeldtvedt, er eksempel på det - i tillegg til Varehuset Larsen. Gründerånda er framleis levande, og i det siste har fleire nyetableringar komne til. Ikkje minst gjennom Håkonar Næringspark som framleis har stort næringspotensial.
Eit svært spennande prosjekt står Kråko Utvikling AS for, eit selskap som tilbyd unike tomter heilt inntil Fitjarøyane, med breidband og andre fasilitetar.

Fitjar i dag. Foto: Mette Fitjar
(c) komtilfitjar.no | Et samarbeid mellom Fitjarposten.no og Fitjar Kommune, sponset av lokalt næringsliv.