oreldre som ikkje fekk plass i det kommunale tilbodet.
Barnehagen held til i Årskog, nord for Årskog industriområde.
Årskog barnehage leiger lokaler av Fitjar kommune. lokalet ligg i nær tilknytning til Årskog museum. Barnehagen har eit flott og variert uteområde, med motoriske utfordringar for alle alderstrinn. Barnehagen har lett tilgang til skog, sjø og fjell som turområder. barnehagen ligg og i nærleiken av gardsdrift med kyr og sauer.
Årskog barnehage er ein einavdelings barnehage med 18 plassar for barn i alderen 0-6 år.
Me har pr. i dag 5 tilsette som utgjer til saman ca. 4 årsverk + reinhaldar. Me har to pedagogar,ein fagarbeidar, to assistentar.
Det som fyrst og fremst særpreger Årskog barnehage er at me er ein liten barnehage kor både barn og vaksne får lett oversikt. Satsingsområdet vårt er kunst. Me legg vekt på at barna skal få uttrykka seg gjennom variert material og metodar innanfor dei estetiske faga. denne satsinga resulterer i ei kunstutstilling kvar vår, kor barna stiller ut kunstverka sine i Fitjar sentrum. me brukar aktivt dei varierte turområda rundt barnehagen. Me har og ein sterk forteljartradisjon, me fortel munnlege historiar om folk og fe. Me formidlar og bearbeider gjennom forteljingane. Me jobbar aktivt med språkstimulering, kor barn frå 4 år og oppover får delta i språkstimuleringsopplegget; Språksprell.
Årskog barnehage A/L
Kontaktperson: Torhild Alsaker
Tlf. 53 49 72 41
E-post:
This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage

Foto: Årskog barnehage
(c) komtilfitjar.no | Et samarbeid mellom Fitjarposten.no og Fitjar Kommune, sponset av lokalt næringsliv.