Tilflyttar

Kjempefint at du er kome til Fitjar. Vonar du vil finna deg godt til rette i blant oss. Hjarteleg velkomen skal du vera.

 

Skule- og barnehagetilboda er gode, og det er eit rikt utval av lag og organisasjonar som gjev gode fritidstilbod, både til born og vaksne innan idrett, musikk, kultur og kristenliv - i tillegg til meir uorganiserte tilbod.

Næringslivet har klart seg bra gjennom finanskrisa, og det er framleis gode jobbmogelegheiter i Fitjar. Likeeins er det ledige tomter, både for dei som ønskjer seg hus, og dei som er ute etter ei hyttetomt.

I Fitjar bur ein tett på rike naturopplevingar der ho breier seg ut mellom fjell og fjord. Fitjarskjergarden er eit svært populært turistmål med sine mange øyar, holmar og skjer, og fjella lokkar med mange flotte turstigar.

Bygda si storstove er Fitjar Kultur- og idrettsbygg. Her finn ein mellom anna ein amfisal med 300 sitjeplassar og Idrettshall med treningssenter i overetasjen. Her vert det òg arrangert bygdekino.
I tillegg kan idrettsaktive nytte Fitjar Idrettspark, med graskledd fotballbane og løpebanar i sportandekke. Det er òg eit treningsstudio over Bensinstasjonen.

Butikkar

Hos Varehuset Larsen i sentrum er det multihandel, apotek, post, blomeforretning, sportsforretning, kafe, tannlege og fysioterapeut. Du finn i det heile det meste av det du treng her på Fitjar. I tillegg til varehuset butikkar innan:  blomar, mix-kiosk, bensinstasjon, tipping, el artiklar, kvite- og brunevarer og husflid, for å nemna noko. Servicetenestar som frisør, fysioterapeut, elektrikar, røyrleggjar og folk som kan gjera vaktmeistertenester finn du òg.

 

Klesforretning, bokhandel og bilforretning er derimot nokre døme på kva du ikkje finn her.

Men du treng ikkje å dra langt for å finna det. Dei fleste av oss synest det er godt bu på Fitjar og samstundes få del i meir byprega aktivitetar, og vitja større handlesentra, av og til. Det berre 30 minutt med bil til byen Stord. Til Bergen kjem ein på  rundt 1,5 time med ferje frå Sandvikvåg, mens ein når fram til Haugesund på litt meir enn ein time, via Trekantsambandet.

 

Fiskeplassane er mange både i sjø og ferskvatn, og sjølandskapet rundt fitjarøyane er eit eldorado for kajakkpadlarar og båtfolk. Har du ikkje kajakk sjølv kan du leiga hos Padleåro kajakkutleige (om lag 12 km frå Fitjar sentrum). Båt kan du leiga hos Fitjar Sjø og Camping.

Er du av den fjellglade typen, skal du vita at Fitjarfjella lokkar med mange flotte turstigar til fjells. Høgste toppen er Mehammersåta på 749 m.o.h. Stord-Fitjar turlag arrangerer mange fellesturar. Programmet deira finn du på Turistinformasjonen hos Stord Videokiosk i sentrum. Her vil du òg få opplysningar om sykkelruter.Har du ikkje sykkel, kan du leiga ein hos MX-sport i Varehuset Larsen.

Av andre tilbod til deg som er aktiv kan me nemne Fitjar treningssenter i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, treningssenteret over Bensinstasjonen. (Hydro/Texaco) og at det er treningsmogelegheiter i Fitjar Idrettspark og Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Kva som skjer i Fitjar akkurat no, kan du lesa her.


Spisestader ( om du ikkje vil laga middag sjølv)

Cafe Annemor er ei kafe i sentrum der du kan kjøpa middag, påsmurt eller kaffe og kake. Dei driv òg med catering.

Stord-Fitjar Videokiosk er både Turistkontor og MIX-butikk der du kan kjøpa kioskmat som hamburgarar, pizza, pølsemenyar og liknande. Dei serverer òg ulike kaffesortar og softis.

Fitjar Fjordhotell serverer både frokost og middag. På torsdagar har dei komlebuffet og søndagar søndagsbuffet for heile familien. Catering kan du bestille her òg.

Kysten Rundt på Sandvikvåg har både hamburgarar og andre kiosk-varmrettar. I tillegg kan du kjøpe bagettar og nybakt her.

På Bensinstasjonen kan du mellom anna kjøpe pølsemenyar og baguettar.

SPAR sel òg eit rikt utval av varm ferdigmat.

 



 

 

 


(c) komtilfitjar.no | Et samarbeid mellom Fitjarposten.no og Fitjar Kommune, sponset av lokalt næringsliv.


vilko