Gå eller jogge til Svartavatnet gir flott utsikt over Fitjar og Fitjarøyane. Passar for heile familien!
Svartavatnet
Nivå: for heile familien
Utgangspunkt: Vassverket
Tid, roleg: ~ 1t 30min
Tid, jogg: ~ 30 min
Terreng: Skogsveg frå vassverket
eringstilhøve sidan vegen fram hit tildels går langs trafikkert riksveg.
Løypa er velegna både for fotturar og sykkelturar. Svartavatnet er eit svært godt utgangspunkt for turar vidare inn i Fitjar og Stord –fjellet.
Vegbeskrivelse
Frå sentrum følger ein riksveg 545 og passerer kyrkja på høgre hand.. ??? Ved 80 sona tar ein inn avstikkaren til venstre og fyljer den til kryss kor ein tar til høgre. Vegen fører så heilt fram til vassverket og her er ein vegbom. Frå Fitjar vassverk går det grusveg opp til Svartavatnet som er drikkevasskilde for Fitjar kommune. Første partiet går bratt opp frå vassverket og ein får eit fantastisk utsyn utover Fitjar og øyane.
Det er arrangert bord og benker fleire stader langs vegen.
(c) komtilfitjar.no | Et samarbeid mellom Fitjarposten.no og Fitjar Kommune, sponset av lokalt næringsliv.